Utleigereglement - Tusenårsstaden Gulatinget

 Tusenårsstaden Gulatinget er ope for publikum og besøkande. Parken kan og nyttast til organiserte aktivitetar som er tilpassa staden. Ved aktivitetar og arrangement på Tusenårstaden Gulatinget skal det visast respekt for tingstaden og parkområdet,og spesielt utvisast varsemd rundt kunstverka til kunstnaren Bård Breivik. All organisert bruk av Tusenårsstaden Gulatinget skal skje etter skriftleg avtale med Gulen kommune.

Formidling/guiding
Formidling og omvisning på Tusenårsstaden Gulatinget skal kun utførast av lokahistorisk guide med godkjenning frå Gulen kommune.

Kontakt
For leige av staden til arrangement, eller andre førespurnader, kontakt Gulen kommune ved dagleg leiar tlf. 57782006 /97524098. Epost: Gulatinget@gulatinget.no

Leige
Organisert bruk av parken i regi av frivillige/ideelle lag/org er til sjølvkost. Uttak av straum og bossavgift må betalast (sjå eigne punkt), parken skal ryddast seinast dagen etter arrangement og sørvisbygget skal vaskast (sjå «sanitæranlegg»). Bruk av Tusenårsstaden Gulatinget til kommersielle arrangement, eller organsiert verksemd i regi av kommersielle aktørar, skal skje etter skriftleg avtale med Gulen kommune. Leige vert fastsett etter følgande satser. 

Satser

  • Mindre kulturarrangement der det vert krevd inngangsbillett kr 3000,-

  • Lukka lag, teambuilding, organiserte aktiviteter kr 3000,-

  • Større festivalar/arrangement der parken er stengt for publikum anna enn ved inngangsbillett kr 15 000,-

 

Sanitæranlegg
Leigar pliktar å rydde og vaske sanitæranlegget etter bruk. Dersom anlegget ikkje er tilfredsstillande reingjort vert leigar belasta med eit gebyr på kr. 500,- for reingjering.

Grindbygg
Grindbygget er innreia som vikingstove, og er utstyrt med langbord og benkar, kaffitrakter/tekokar, bålpannar, lys og anna interiør.
Leige av grindbygget kr 1500,- Henting av nøkkel til grindbygget må avtalast med dagleg leiar.

 

Generelle vilkår for utleige

  • Ved arrangement som er ope for publikum pliktar leigar å organisere parkering

  • Ved større arrangement må arrangøren syte for at det vert sett opp bussar for å sikre ein tilfredsstillande trafikkavvikling til og frå Tusenårstaden Gulatinget.

  • Leigar må sjølv varsle aktuelle instansar (politi, brann), samt innhente dei løyver arrangementet krev.

  • Dersom det skal settast opp framandelement på området (telt, tak og liknande) kan det berre gjerast etter løyve frå Gulen kommune v/dagleg leiar.

  • Leigar pliktar å rydde anlegget og fjerne evt. framandelement seinast dagen etter arr.

  • Evt. utgifter som TONO-avgift o.l. vert betalt av leigetakar.

  • Bruk av eld/grilling skal berre gå føre seg på eldsirkelen, eller på brannsikkert område.

  • Ved skadeverk vil det bli krevd erstatning.

  • Vert arrangementet avlyst må dette meldast til dagleg leiar i god tid.

  • All motorisert ferdsel i parken er forbode. Naudsynt ferdsel i samband med arrangement skal avtalast særskild. Det skal utvisast stor varsemd nær kunstverka.