Spørsmål
- Kva tyder ordet viking?
- Korleis kan vi forklare vikingferdene?
- Kvar hadde nordmenn busetnader i vikingtida og tidleg mellomalder?
- Kva slags jordbruk vart drive i vikingtida?
- Kva ligg bak uttrykket "brorparten"?
- I kjøpebolken i Gulatingslova kan vi lese om korleis ein kunne inngå ekteskap. Kvifor er desse reglane plasserte i denne delen?
- Kva økonomiske avtalar måtte gjerast om eit ekteskap skulle vere gyldig?
- Skilsmisse var tillate etter den eldre Gulatingslova, men vart seinare forbode. Kva tid skjedde dette, og kva låg bak?
- Kva tid reknar vi med at trælehaldet i Norge tok slutt?
- Kva reglar galdt for frigjeving av trælar?
Arbeidsoppgåver
- Gulatingslova seier mykje om kjøp og sal av eigedom og om arv. Likeeins finn vi detaljerte reglar om bruk av almenningar og om gjerdeplikt. Kva fortel dette oss om ressurstilgangen i vikingtida og tidleg mellomalder i Norge? Korleis kan folketalsauken og presset på ressursane ha påverka historia?
- Kvinner og menn hadde ulik sosial og rettsleg status i vikingtida og mellomalderen. Til dømes skulle det ifølgje Gulatingslova betalast vesentleg større bot for å drepe ein mann enn for drap av ei kvinne. Kvifor var det slik? Samanlikn rettar og plikter med utgangspunkt i Gulatingslova.
- Barn fødd utanfor ekteskap har hatt ulik status i lovgjevinga. Kva rettar hadde dei i dei første lovene, og korleis endra dette seg?
- Legdssystemet er gamalt i norsk historie. Kva tid vart dette lovfesta, og kva innebar det for dei som var på legd? Kva tid vart systemet avskaffa?
- Sjå på trælesystemet i vikingtida og tidleg mellomalder. Kor omfattande var trælehaldet? Kor kom trælane frå, og kva forhold levde dei under?
- Ein træl kunne oppnå fridom etter visse reglar, men det gjekk lang tid før han kunne gjere som han ville uavhengig av sin tidlegare eigar. Kva låg bak denne ordninga?
- Kvifor vart det slutt på trælevesenet i Norge? Samanlikn med andre slavekulturar i internasjonal historie. Kva kjenneteiknar samfunn som held slavar? Kan du peike på trekk i samfunnsutviklinga som kan liggje bak når slavehald vert avskaffa?
- Sjå på arkeologiske spor der du bur. Finst det gravrøyser, gravhaugar, bautasteinar eller steinkrossar? Kva kan spora fortelje deg om livet før i tida? Korleis har samfunnet sett ut?
- Finn fram til ei oversikt over stadnamn i din kommune. Finst det namn som kan vere svært gamle? Kva kan dei seie deg om historia?