Friluftsliv og aktivitetar
Badevik og tilkomst sjøveien

På Tusenårsstaden er det ei lita badevik og plass til å sette ut kano mot aust. Det er opparbeida tilkomstveg ned til vika. Dette gjer det mogeleg å kunne køyre ned til sjøen for å setje ut kano og kajakk i samband med aktivitetsdagar for barn og unge.
Tilkomst for båtfolk
Gjestehamn for store og små båtar (privat).
Bestilling av plass:
- 413 30 798
- 913 17 229
Bocciabane

Tusenårsstadn er utstyrt med ein bocciabane. Boccia (i likhet med "Boule", "Petanque" m.m.) er gammle kulespel spel frå kontinentet
Ein kan tevle individuelt eller på lag, og målsettinga er å komme nærmast med sin kule til markørkula. Boccia er eit spel der barn som unge, eldre som uføre kan tevle i lag.
Reglar
Turstinett

Det er opparbeida turstinett i heile parken. Dette har opna opp tidlegare unytta områder på Tusenårsstaden og gjer det mogeleg å tilbringe ein dag med turgåing og rekreasjon i parken.
Det er også rydda tursti opp til Guløytoppen, og det er laga 1 km turveg ut til vestre neset. Her vil ein i neste fase legge til rette for bading, grilling og rekreasjon også i dette området.
Sandvolleyballbane

Det er etablert ei sandvolleyballbane på Tusenårsstaden Gulatinget og denne har den beste sanden i Sogn og Fjordane! Bana gjev unge som vaksne høve til å utfalde seg i tilrettelagt anlegg ned mot sjøen i vest. Sandvolleyballbana held internasjonale mål og følgjer Norsk Volleyballforbund sine forskriftar. Anlegget sto ferdig i august 2009.