Treng du plass til større og plasskrevjande arrangement er Tusenårsstaden Gulatinget staden for deg! 

Komprimert Einar.JPG

Tusenårsstaden Gulatinget er open for alle typar arrangement, og vert brukt av arrangørar til konsertar, teater, leirer, vigsel, utfluktar, samlingar, m.m. Parkområdet rommar 8000 mennesker og passar til dei fleste typar utearrangement.

Leige av parkanlegget

Kommersielle aktørar - bruk av parken til mindre arrangement (1-3 timer) kr. 3000,- pr. dag

Eksklusiv bruk av parkanlegget til festivaler og andre større arrangement (1-3 dager) kr 15 000,- 

Ideelle arrangement til sjølvkost. 

Leige/bruk av pakanlegget

Alle som ønskjer å leige Tusenårsstaden til private eller kommersielle arrangement, skal underskrive Avtale om bruk/leige av Tusenårsstaden Gulatinget med Gulen kommune. Avtaleformular får ein i ekspedisjonen i Gulen kommune i opningstida mellom kl 09.00-15.00.

Leige av grindbygg

Innreia og utstyrt grindbygg i vikingstil med langbord, benker og skinn kan leigast. Pris kr 1500,-

Sanitæranlegg

Tusenårsstaden er utstyrt med eit oppvarma og ventilert servicebygg: 
4 dametoalett, 3 herretoalett, 1 handikaptoalett,1 urinal, 7 vaskar, 2 dusjar, Stellebord for barn (på HCWC). Vannuttak på utsida for campingvognar/ bubilar. Vatnet held drikkevasskvalitet, og vert levert frå kommunalt vassverk i Eivindvik.

Leigar pliktar å rydde og vaske anlegget etter bruk. Dersom det ikkje er tilfredsstillande reingjort vert leigar belasta med eit gebyr på kr. 500,- for reingjering.

Nøklar

Sanitæranlegget på Tusenårsstaden er ope heilårleg.
Grindbygget krev kode til nøkkelboks. Kode vert utlevert etter at leigeavtale er signert.

Straum

Nøkkel til straumskap og opning av desse må avtalast med Gulen kommune i forkant av arrangement.

Boss

Det vert sett ut 1-2 stk. 600 l bosskontainare (etter behov) til bruk ved arrangement. Gulen kommune syter for at bosskontainarane vert tømd etter arrangement. Utgifter til tømming vert belasta leigar med kr. 500,- pr. kontainer.

Generelle vilkår for utleige

  • Ved arrangement som er ope for publikum pliktar leigar å organisere parkering/trafikkavvikling til/frå Tusenårsstaden Gulatinget.

  • Ved større arrangement må arrangøren syte for at det vert sett opp bussar for å sikre ein tilfredsstillande trafikkavvikling til og frå Tusenårstaden Gulatinget.

  • Leigar må sjølv varsle aktuelle instansar (politi, brann), samt innhente dei løyver arrangementet krev.

  • Dersom det skal settast opp framandelement på området (telt, tak og liknande) kan det berre gjerast etter løyve frå Gulen kommune v/prosjektleiar.

  • Leigar pliktar å rydde anlegget og fjerne evt. framandelement seinast 2 dagar etter arr.

  • Evt. utgifter som TONO-avgift o.l. vert betalt av leigetakar.

  • Bruk av eld/grilling skal berre gå føre seg på eldsirkelen, eller på brannsikkert område.

  • Ved skadeverk vil det bli krevd erstatning.

  • Vert arrangementet avlyst må dette meldast til prosjektleiar seinast to veker før utleigedato.

Kaileige 

Ved Tusenårstanden Gulatinget er det gjestehamn for store og små båtar (privat) .

Bestilling/leige: Tlf. 41330798.