Gammal tingstad.JPG
 

Vertskommunen Gulen

Vertskommunen for Tusenårsstaden Gulatinget er kystkommunen Gulen. Gulen ligg sørvest i Sogn og Fjordane på grensa til Hordaland. Landarealet er på 596 km2, inkludert 1500 øyar, holmar og skjer.

Spennet er langt frå dei yste nakne øyane mot Nordsjøen i vest, til dei frodige landbruksbygdene mellom dei ville fjella i aust. Dei 2300 fastbuande fordelar seg jamt på dei fire skulekrinsane Brekke, Dalsøyra, Eivindvik og Byrknes.

Eivindvik er kommunesenteret i Gulen, og her står du på historisk grunn. Det var nemleg her at Gulatinget først vart samla.

 

Lenker

Stortinget:http://www.stortinget.no/

Europaparlamentet:http://www.europarl.eu.int/