Tingstaden i Gulen

Skriftlege kjelder syner at Gulatinget var etablert allereie tidleg på 900-talet. Men tingsamlingane kan vere av eldre dato enn det dei skriftlege kjeldene kan stadfeste. Den eldste tingstaden låg, etter det ein kan tolke ut frå sagatradisjonen, i Eivindvik.

Her finn ein fornminne frå same periode. To steinkrossar er sett opp på kvar si side av ein stor voll. Desse er sette opp i kristningstida, ca 950 - 1050. Det har og vore kyrkje i Eivindvik frå gamal tid. Kyrkja og krossane rundt vollen i Eivindvik ber bod om at staden var viktig alt 1000 år attende i tid.

I Håkon Håkonssons saga heiter det at kongen lét byggje ei kyrkje på Guløy og flytta tinget dit, omkring midten av 1200- talet. I Landslova av 1274 står det at "rett tingstad no er i Guløy". Guløy er halvøya som ligg utafor Flolid, og Tusenårsstaden Gulatinget er reist i området der ein meiner at den nye tingstaden låg.

Gulatinget vart seinare flytta frå Gulen til Bergen (omlag 1300) og held fram som Gulating lagmannsrett som i dag er ein rein domstol.

Foto: Kross i Eivindvik. Anne Hopland