Tingsamlingar i andre land

Vikingane hadde stor utferdstrong og tok med seg tradisjonane sine når dei reiste ut. Det er ofte plyndringstokta som har fått stå att som det rådande biletet av vikingferdene i mellomalderen.

Plyndring, drap og valdtekt hende rett nok i periodar, men vikingane hadde også lange periodar med fredleg samhandling med øybuarane rundt Nordsjøen. Dei tok med seg kunnskap om handverk og skipsbygging, samt systemet med å organisere lov og rett gjennom tingsamlingar. Denne tradisjonen fann rotfeste også andre stadar i mellomalderen.

Nokre stadar inspirerte vikingane frå Gulatinget etableringa av liknande institusjonar i andre land. Til dømes etablerte Island i 930 Alltinget etter modell av Gulatinget. Dette var ein følgje av at sendemannen Ulvljot hadde vore observatør på Gulatinget i 3 år.

Isle of Man som var norsk lydrike på 1200 talet etablerte også tingstad på TynwaldElles utvikla det seg tingstader i mellomalderen både i Skotland, på Orkenøyane, Shetland, Færøyane, Irland og  på Grønnland. Dei fleste nordiske landa etablerte også etter kvart tingstader, og det same gjaldt enkelte europeiske og russiske område.

Les meir om dei ulike tingstadane på thingsites.com. 

Foto: shirokazan/Flickr (cc-by)