Regionale tingstader og lover i Noreg

Samstundes med Gulatinget utvikla det seg regionale ting med tilhøyrande lovområde også i andre delar av Noreg. Det var FrostatingetEidsivatinget og Borgartinget. Alle desse lagtinga hadde eigne lover, med særeigne, men òg fleire likearta føresegner.

Ved sida av Gulatingslova er berre Frostatingslova bevart fullt ut i noko yngre form. Av dei austnorske lovbøkene kjenner vi berre kristenrettane og eit lite brotstykke av den verdslege retten i Borgartingslova. Den mest omfattande og fullstendige lovsamlinga var imidlertid Gulatingslova. Kong Magnus Håkonsson - som også vart kalla Lagabøte (1263-80) fekk i 1274 skrive saman desse lovene til ei lovbok Landslova. Landslova vart den første samla lova for heile riket.

Dei fire tidlegare lovområda heldt likevel fram med sitt indre sjølvstyre. Eidsvollsmennene kjende til Magnus Lagabøte si Landslov då dei i 1814 samla seg for å lage ny Grunnlov for Noreg. Visse prinsipp frå Landslova og dermed også frå Gulatingslova kan kjennast att i Grunnlova.