Olavskjelda

Ved krossen i Krossteigen finn ein Olavskjelda. Denne skal ha fått sitt navn fordi Olav den heilage ein gong drakk av den. Kjelda er nesten aldri tørr og etter sagnet skal den ha helsebringande eigenskapar. Mange som har studert krossane i Eivindvik meiner å finne ein samanheng mellom krossen og denne kjelda. Krossen kan godt ha vorte brukt i samband med Gulatinget då det vart lyst tingfred under krossmerket. Krossen ved kyrkjeporten kan ha fungert som samlingsmerke for kyrkjelege handlingar.