Krossteigen

Den andre krossen som står oppe i bakken på det som vert kalla Krossteigen skal vere norsk-anglikansk. Ein meiner at Håkon den gode (Håkon Adelsteinsfostre) kan ha satt opp denne krossen etter ein britisk modell i samarbeid med bisp og lærarar frå Sør-England.

I Noreg er slike store frittståande steinkrossar sjeldne, og ein finn dei berre på Vestlandet. I eldre tider skal munkane ha gått i prosesjon rundt krossane to gonger om året - 3. mai og 14. september.

Krossen er plassert slik at sola skin på heile krossen når ho  snur ved vintersolkverv den 21. desember.