Steinkrossane i Eivindvik

Dei to steinkrossane i Eivindvik, ein keltisk og ein anglikansk, sto på kvar sin sentrale plass i Gulen: Den eine krossen sto rett utanfor kyrkjemuren til Gulen kyrkje, og den andre står i Krossteigen ved Eivindvik.

Krossane er nemnt i dei Arnamagneanske samlinger frå 1626. Der heiter det at dei raude prikkane skal ha vorte skore inn av Olav den heilage. Eit anna sagn fortel at dei to krossane som står der idag, pluss et tredje som skal ha stått der tidlegare, vart plassert der kongen sine tre piler skote frå tingstaden fall ned. Tilsaman skal dei ha danna ein trekant.

Krossteigen

Krossteigen

Den andre krossen som står oppe i bakken på det som vert kalla Krossteigen skal vere norsk-anglikansk. Ein meiner at Håkon den gode (Håkon Adelsteinsfostre) kan ha satt opp denne krossen etter ein britisk modell i samarbeid med bisp og lærarar frå Sør-England.