Samfunnsutvikling i vikingtid og mellomalder

Spørsmål

  1. Kva tyder ordet viking?
  2. Korleis kan vi forklare vikingferdene?
  3. Kvar hadde nordmenn busetnader i vikingtida og tidleg mellomalder?
  4. Kva slags jordbruk vart drive i vikingtida?
  5. Kva ligg bak uttrykket "brorparten"?
  6. I kjøpebolken i Gulatingslova kan vi lese om korleis ein kunne inngå ekteskap. Kvifor er desse reglane plasserte i denne delen?
  7. Kva økonomiske avtalar måtte gjerast om eit ekteskap skulle vere gyldig?
  8. Skilsmisse var tillate etter den eldre Gulatingslova, men vart seinare forbode. Kva tid skjedde dette, og kva låg bak?
  9. Kva tid reknar vi med at trælehaldet i Norge tok slutt?
  10. Kva reglar galdt for frigjeving av trælar?

Arbeidsoppgåver

  1. Gulatingslova seier mykje om kjøp og sal av eigedom og om arv. Likeeins finn vi detaljerte reglar om bruk av almenningar og om gjerdeplikt. Kva fortel dette oss om ressurstilgangen i vikingtida og tidleg mellomalder i Norge? Korleis kan folketalsauken og presset på ressursane ha påverka historia?
  2. Kvinner og menn hadde ulik sosial og rettsleg status i vikingtida og mellomalderen. Til dømes skulle det ifølgje Gulatingslova betalast vesentleg større bot for å drepe ein mann enn for drap av ei kvinne. Kvifor var det slik? Samanlikn rettar og plikter med utgangspunkt i Gulatingslova. 
  3. Barn fødd utanfor ekteskap har hatt ulik status i lovgjevinga. Kva rettar hadde dei i dei første lovene, og korleis endra dette seg?
  4. Legdssystemet er gamalt i norsk historie. Kva tid vart dette lovfesta, og kva innebar det for dei som var på legd? Kva tid vart systemet avskaffa?
  5. Sjå på trælesystemet i vikingtida og tidleg mellomalder. Kor omfattande var trælehaldet? Kor kom trælane frå, og kva forhold levde dei under?
  6. Ein træl kunne oppnå fridom etter visse reglar, men det gjekk lang tid før han kunne gjere som han ville uavhengig av sin tidlegare eigar. Kva låg bak denne ordninga?
  7. Kvifor vart det slutt på trælevesenet i Norge? Samanlikn med andre slavekulturar i internasjonal historie. Kva kjenneteiknar samfunn som held slavar? Kan du peike på trekk i samfunnsutviklinga som kan liggje bak når slavehald vert avskaffa?
  8. Sjå på arkeologiske spor der du bur. Finst det gravrøyser, gravhaugar, bautasteinar eller steinkrossar? Kva kan spora fortelje deg om livet før i tida? Korleis har samfunnet sett ut?
  9. Finn fram til ei oversikt over stadnamn i din kommune. Finst det namn som kan vere svært gamle? Kva kan dei seie deg om historia?