Lov og rett, ansvar og plikter

Spørsmål

  1. Kva dømde tingmennene etter før Gulatingslovas tid, og kva tid reknar vi med at dei første rettsreglane vart formulerte munnleg?
  2. Kva for ulike nivå fanst det i tingordninga?
  3. Kva skulle til for at saker kunne takast opp på nytt på høgre nivå, og kva oppnådde saksøkjaren med det?
  4. Kva slags gudsdom hadde vi i Norge?
  5. Kva innebar det at ei sak førde til ubotemål?

Arbeidsoppgåver

  1. Den eldre Gulatingslova legg til grunn ei tredeling av makta mellom bøndene, kongen og kyrkja. Kva roller og oppgåver hadde dei tre partane, og korleis utvikla forholdet mellom dei seg framover i mellomalderen?
  2. Kva meiner vi med at rettstenkinga i førstninga la til grunn eit objektivt rettsleg ansvar? Korleis endra denne haldninga seg over tid? Gje døme på rettsreglar som syner utviklinga.
  3. I dag nyttar vi omgrepet "tinglysing" om formell offentleg kunngjering. Kva kjem dette uttrykket av? Korleis var reglane for kunngjering etter Gulatingslova?
  4. Etter den eldre Gulatingslova var det to måtar ein kunne få oppreising på: gjennom hemn eller skadebot. Gjer greie for kva som låg til grunn for desse straffeordningane. Kven hadde rett til å krevje straff, og kva rett hadde den saksøkte? Nemn døme på brotsverk som førde til skadebot, og sameleis handlingar som gav rett til hemn. Korleis endra reglane seg utover i mellomalderen, og kva ligg bak utviklinga?
  5. Gulatingslova la til grunn at saker skulle løysast av dei det galdt utanfor tinget så sant det var råd. Rettsvistar gjekk berre vidare om ein av partane nekta å godta forklaring frå vitne eller avgjerda som var gjort. Kva system fanst det for å å handsame saker utanom tinget? Samanlikn med ordningar vi har for å løyse sivile saker i dag.
  6. Kvifor vart fredløyse nytta som straff i aukande grad utover i høgmellomalderen? Bruk det du veit om historia i denne perioden generelt til å forklare utviklinga.