Kristendom og kyrkje

Spørsmål

  1. Kva er ein horg?
  2. Kva tyder det å blote?
  3. Kva for to gudeslekter finn vi i åsatrua?
  4. Kva tid reknar vi med at kristendomen slo gjennom som dominerande religion i Norge?
  5. Kvifor lét mange av vikingane seg primsigne, og kva innebar det?
  6. Korleis påverka kristendomen samfunnet?
  7. Korleis vart bygging og vedlikehald av kyrkjer og løn til prestane finansiert?
  8. Kva tid vart tiend innført, og korleis skulle den delast?

Arbeidsoppgåver

  1. Kva meiner vi med at den førkristne trua var ein polyteistisk religion, og kva betydning fekk dette då kristen misjon tok til i Norge?
  2. Nyare historieforsking har sett annleis på innføringa av kristendomen enn det som var vanleg tidlegare. Forklar korleis oppfatningane har endra seg, og gjer greie for korleis ein vil beskrive utviklinga i dag.
  3. Sjå på framveksten av kyrkja i tidleg mellomalder. Kva forhold var det mellom samfunnsmaktene, og korleis utvikla det seg?
  4. Korleis påverka kristendomen og framveksten av kyrkja kvardagslivet til folk flest?
  5. Gjer greie for kva kjelder og spor som fortel om innføringa av kristendomen i Norge. Kva kan dei seie oss om kvar impulsane kom frå?