Gulatingslova

Spørsmål

  1. Kva tid vart Gulatingslova nedskriven?
  2. Kva utgåve av lova er det som er bevart i dag?
  3. Kva er Rantzauboka?
  4. Korleis vart Gulatingslova ført vidare framover i mellomalderen?
  5. Kva er det som kjenneteiknar den eldre Gulatingslova? Kva inneheld lova, og korleis er ho bygt opp?
  6. Kva litterære grep nytta lovskaparane, og kvifor?

Arbeidsoppgåver

  1. Kva meiner vi med at lover er normative kjelder? Korleis kan vi bruke dei som historiske kjelder?
  2. Finn ut kva tid dei andre regionale lagtinga fekk sine lovbøker.  Kor mykje av dette lovmaterialet er bevart?
  3. Landskapslovene er viktige kjelder til vår kunnskap om mellomalderen. Kva andre kjelder har vi frå denne tida?
  4. Korleis skal vi vurdere sagaene som historiske kjelder? 
  5. Kva spor og kjelder finn du frå vikingtida i din kommune?