Gulatinget

Spørsmål

  1. Kva tyder ordet ting?
  2. Kva tid samla tingmennene seg første gong i Gulen?
  3. Kva er det som gjer forskarane trygge på at Gulatinget opphaveleg låg i Eivindvik?
  4. Kven var det som møtte på tinget, og kor kom dei frå?
  5. Kor lenge var Gulatinget i Gulen, og kor vart det seinare flytta til?
  6. Forklar skilnaden på eit allting og eit lagting.
  7. Minneparken om Gulatinget ligg i dag på Flolid i Gulen. Kvifor vart den lagt her?

Arbeidsoppgåver

  1. Folk flest har hatt ulik påverknadskraft overfor dei styrande i samfunnet fram gjennom historia. Kva stilling hadde sjølveigande bønder og leiglendingar som møtte på Gulatinget i den første tida, og korleis endra dette seg over tid? Korleis kan vi forklare ei slik utvikling?
  2. Kva regionale ting hadde vi i Norge i vikingtida og mellomalderen? Kor låg dei, kor gamle er dei og kva kjelder har vi om dei?
  3. Finn informasjon om steinkrossane i Eivindvik. Kor vart dei produserte, og kor finn vi slike krossar elles i Norge? Kva kan krossane fortelje oss?
  4. Fylkesinndelinga i Norge byggjer på ei samfunnsordning som går tilbake til Gulatinget. Kva var bakgrunnen for at fylka oppstod, og korleis har inndelinga endra seg over tid? Bruk døme frå ditt eige fylke.
  5. Styringssystemet som låg til grunn ved etableringa av tingordninga er her kalla "det første folkestyret". Er du samd i denne karakteristikken? Kva avgrensingar må vi gjere når vi brukar eit slikt omgrep i denne samanhengen?
  6. Arkeologi og historievitskap utfyller kvarandre i mellomalderforskinga. Kan du skissere kva kjelder og spor vi må sjå etter når vi vil skaffe oss kunnskap om ei hending eller historisk prosess i denne tida? Du kan nytte historia om Gulatinget til å forklare korleis vi byggjer opp kunnskap om fortida, eller du kan velje eit anna døme.