Demokrati og menneskerettar

Spørsmål

  1. Kva er skilnaden på direkte og indirekte demokrati?
  2. Nemn nokre sentrale prinsipp i romerretten.
  3. Kva skil territoriell rett som Gulatingslova frå prinsippet som låg til grunn i dei germanske folkelovene?
  4. Kva er ”Magna Charta”?
  5. Kva ligg i omgrepet ”parlamentarisme”?
  6. Korleis definerer vi ein rettsstat?
  7. Kva tankar ligg til grunn for ideen om naturretten?
  8. Korleis vert makta delt i den norske grunnlova, og kva kallar vi dette prinsippet?
  9. Kva tyder det at den nordiske velferdsmodellen er tufta på prinsippet om universelle ordningar?
  10. Kva tid vart SN’s menneskerettserklæring vedteken?

Arbeidsoppgåver

  1. I norsk historisk tradisjon er det først og fremst grunnlova og utviklinga frå 1814 som vert trekt fram når vi skal beskrive framveksten av demokratiet. Sjå på forholdet mellom det vi kan kalle det første folkestyret i tidleg mellomalder og utviklinga på 1800-talet og peik på fellestrekk og skilnader.
  2. I Wikipedia finn vi denne definisjonen av demokrati: ”Demokrati er en styreform som baserer seg på at folket bestemmer hva slags politikk som skal føres. Ordet betyr folkestyre. Vanligvis benyttes begrepet i en noe snevrere betydning, der det betegner et system som det man har i de fleste vestlige land i dag, der folket stemmer inn representanter i en riksforsamling samtidig som man har visse grunnleggende rettigheter i form av ytringsfrihet, eiendomsrett, politisk frihet og likestilling. Dette kalles også et liberalt demokrati.” Korleis vil du vurdere styresettet som Gulatingslova la opp til i høve til Wikipedias definisjon? Kva meiner du må liggje i omgrepet demokrati?
  3. Eit viktig prinsipp i moderne demokrati er retten til å bestemme over eige liv. Kva rettar hadde einskildmennesket etter Gulatingslova samanlikna med grunnsetningane som er nedfelte i SNs menneskerettserklæring? Kva har endra seg og kven er endringane størst for?
  4. Samanlikn reglane for giftarmål i Gulatingslova med SNs menneskerettserklæring, artikkel 16: ”Voksne menn og kvinner har rett til å gifte seg og stifte familie uten noen begrensning som skyldes rase, nasjonalitet eller religion. De har krav på like rettigheter ved inngåelse av ekteskapet, under ekteskapet og ved dets oppløsning. Ekteskap må bare inngås etter fritt og fullt samtykke av de vordende ektefeller.” Korleis skil reglane i Gulatingslova seg frå menneskerettserklæringa? Finn vi tradisjonar og praksis i verda i dag som kan likne på forholda som Gulatingslova legg til grunn?
  5. Finn ut kva Gulatingslova seier om innvandring til Norge, og samanlikn med dei ordningar og avgrensingar som gjeld i Norge i dag.
  6. Nokre av dei største landa i verda har demokratisk styresett. Kva slags særskilte utfordringar har folkerike og samansette nasjonar når dei skal innføre og oppretthalde folkestyre? Bruk India som døme. (Du kan for eksempel ta utgangspunkt i Geir Heierstads artikkel om India, ”Et slags demokrati, tross alt” i Morgenbladet:http://www.morgenbladet.no/apps/pbcs.dll/article?AID=/20090508/OAKTUELT/264633665
  7. Dei siste åra har klimaendringar skapt kamp om ressursgrunnlaget mange stader. Ei sentral oppgåve for verdssamfunnet framover vert å demme opp for og løyse konfliktar knytt til miljøutfordringane. Finn døme på samfunn som har slike problem og sjå på korleis dei prøver å løyse dei. Kan du trekkje parallellar til reglar i Gulatingslova som søkte å regulere forholda mellom menneska i eit jordbrukssamfunn med avgrensa ressursar?
  8. Internasjonal terrorisme har sett prinsippa om offentleg og lik rettergang under press. USA har til dømes innført nye lover som innskrenkar rettstrykkleiken for menneske som er mistenkte for å ha tilknyting til terrornettverk. Gjer greie for dei grunnleggande rettane dei første demokratia bygde på, rettar som vi finn att i mellomalderlovene og som vart førde vidare til moderne demokrati via den amerikanske sjølvstendefråsegna og den franske revolusjon. Meiner du det er grunnlag for å seie at viktige prinsipp i rettsstaten er svekka i dag? Grunngje svaret ditt. (Bruk til dømes Jan Egelands og Mariano Aguirres artikkel ”Hvor var du da de torturerte?” i Dagbladet som utgangspunkt for drøftinga:http://www.dagbladet.no/2009/06/09/nyheter/agenda/tortur/jan_egeland/utenriks/6631600/)