Felles fylkesting Hordaland og Sogn og Fjordane

Fredag 27. oktober vart det første felles fylkestinget mellom Hordaland og Sogn og Fjordane arrangert. Og kva var meir naturleg enn at møtet vart halde i Gulen - staden der Hordaland og Sogn og Fjordane møttast til tings gjennom meir enn 400 år.

Sjølve fylkestingsmøtet fann stad på Dalsøyra barne- og ungdomsskule. 
Der var det først drøfting i plenum, før dei to fylkestinga gjekk kvar til sitt for å drøfte og stemme i separate fylkesting.

Fylkestinga gjorde likelydande vedtak om at dei vil kalle det nye fylket for Vestlandet. Det trer i kraft 1. januar 2020. Dei gjorde også vedtak om at det nye fylkestinget skal ha 65 medlemar, og har sett ned ei fellesnemnd som skal leie prosessen vidare.

Etter dei formelle møta vart det lunsj på Gulating hotell, og sidan var det klart for høgtidleg markering på Tusenårsstaden Gulatinget. Her deltok kjende artistar frå dei to fylka under leiing av konferansier Sigrid Moldestad.

Artistar:
Are Ovesen, Karl Seglem, Trond Høgemo, Annika Beinnes, Jon Kristian Bye, Fridtjov Urdal, 9 grader Nord

Foto: 
Hordaland fylkeskommune

INFORMASJON/ KONTAKT

Koordinator felles fylkesting i Gulen:  
Anne Hopland (dagleg leiar, Gulatinget)
Tlf 57782006/97524098

Lenkar: 
Sjå opptak av det felles fylkestingsmøtet her

Protokoll etter møtet:
Les protokollen her

Reglement for fellesnemnda:
Les reglementet her

 

Foto: Hordaland fylkeskommune

Foto: Hordaland fylkeskommune