Ny dagleg leiar på Gulatinget

1. August vart tidlegare prosjektleiar for Gulatinget Anne Hopland (49) tilsett som ny dagleg leiar for Tusenårsstaden Gulatinget. Hopland var prosjektleiar for Gulatinget i perioden 2006-2012. 

Hopland er utdanna Kulturvitar frå Universitetet i Bergen og har brei røynsle som prosjektleiar innanfor kultur og næring. Dei siste åra har ho vore delprosjektleiar for omstillingsprosjektet i Askvoll før ho kom att til Gulen.