Henrik Wergeland si tavle for menneskerettar

Ungdomsprosjektet som vart starta i høve med tohundreårsjubileet åt Noregs Grunnlov i 2014 har som mål å skape eit nytt liv for gulatingslovene. Desse stammar frå om lag år 800 e.Kr., og har vore viktige for det moderne demokratiet. Denne naturlege utviklinga, der det gamle er med å forme det nye, må kome fram i ljoset. Gulatingslovene bør spele ei større rolle i det moderne samfunnet som vi no lever i, ikkje berre liggje på eit museum i København. 

Det er mange dagsaktuelle saker som kan verte sett i ljos av gulatingslovene, og ungdomsprosjektet ynskjer difor å engasjere seg i viktige saker slik som nordisk samarbeid, menneskerettar og flyktningstraumar. 

Ungdomane som deltek i prosjektet har hatt møter med Stortingspresidenten og har vore på møte med Ungdomens Nordiska Råd på Island. Samarbeid med ungdomar frå andre nordiske land er ein viktig del av prosjektet. 

Henrik Wergeland si tavle for menneskerettar er meint å gje eit oversyn over dei viktigaste menneskerettane. I byrjinga var tanken å lage ei norsk tavle, men no vil ungdomane samarbeide med ungdom i dei andre nordiske landa om å lage ei nordisk tavle for menneskerettar. Dette skal symbolisere at Gulatingsstaden ikkje berre er viktig for Gulen kommune, ytre Sogn, Sogn og Fjordane og Noreg, men òg for heile Norden.

Dei sentrale partane i dette ungdomsprosjektet er Espen Selvik, dagleg leiar i prosjektet Tusenårsstaden Gulatinget, samt Oline Birgitte Nave og Dag Henrik Nygård frå Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane (UPU). 

Oline Nave og Dag Henrik Nygård på Gulatinget 28. juni 2014. Foto: David Zadig (cc-by-sa)

Oline Nave og Dag Henrik Nygård på Gulatinget 28. juni 2014. Foto: David Zadig (cc-by-sa)

Dag Henrik og Oline frå ungdomsprosjektet ber i desse dagar om innspel til Henrik Wergeland si tavle for menneskerettar. Dei har sendt brev til deltakarar på Ungdomens Nordiska Råd, fylkesmannen, kyrkja og fylkeskommunen: