Ungdomsrepresentantar vitja Island og Thingvellir

Oline Birgitte Nave og Dag Henrik Nygård vitja i oktober Island som ungdomsrepresentantar i prosjektet Tusenårsstaden Gulatinget. Målet med besøket var å delta på Ungdomens Nordiske Råd samt å knyte samarbeidspartnarar til prosjektet.

Dag Henrik Nygård har skrive fleire blogginnlegg frå turen. Her kan de lese innleiingane på desse. Fylg lenka under kvar tekstsnutt for å lese heile innlegget:

#1: Turen er Island, målet er Norden

Foto: Dag Henrik Nygård

Foto: Dag Henrik Nygård

I dag landa Oline Birgitte Nave og Dag Henrik Nygård på Keflavik internasjonale flyplass, på Island. Målet med reisa er å knyte samarbeidspartnarar til prosjektet vårt, Tusenårsstaden Gulatinget. Tida er komen for å få auga opp for det potensialet som ligg i godt samarbeid. Vi har same kulturarv, og dette bør vi difor eige saman. 

Gulatinget utanfor Eivindvik i Gulen kommune i ytre Sogn, er ein tingstad. Her kom det bønder frå heile Vestlandet for å diskutere lover og take rettslege avgjersler. Dette dannar grunnlaget for demokratiet vårt i dag, og det skal vi vere medvitne om. Gulatingslovene vart seinare skrivne ned, og desse ligg i dag i København. Det islandske alltinget (islandsk Alþingi) er ein kopi av Gulatinget, og þingvellir er tingstaden deira.

Les meir.

#2: Banka på, så skal det verta upplate for dykk

Oline Birgitte Nave, ambassadør Cecilie Landsverk og Dag Henrik Nygård på ambassaden i Reykjavik. 

Oline Birgitte Nave, ambassadør Cecilie Landsverk og Dag Henrik Nygård på ambassaden i Reykjavik. 

Prosjektet Tusenårsstaden Gulatinget, ved Oline Birgitte Nave og Dag Henrik Nygård, reiste til Reykjavík på Island for å vere med på Ungdomens Nordiske Råd. Føremålet med reisa var å fremje ungdomsparten or prosjektet og søkje nye kontaktar i Norden.

Vi var ikkje verre på det enn å banke på døra hjå den kongelege norske ambassaden, og for oss var det «upplate». Inn kom vi, og vart tekne vel imot av ei hyggjeleg dame. Her var vi så heldige at vi fekk nemne prosjektet vårt, og det var ikkje lenge vi venta før ambassadøren kom for å møte oss. Ein ambassade må svare på det meste, men dette trur eg hamnar i kategorien ymist anna. Dei fekk tavla, så vi vonar dei har gulatingslovene med seg i det viktige arbeidet dei gjer kvar dag.

Les meir.

#3: Thingvellir og tingstaden i vest

Thingvellir

Thingvellir

Thingvellir (islandsk: Þhingvellir) er den islandske utgåva av Gulatinget, og vart oppretta i år 930. Dette var ein tingstad, det vil seie ei lovgjevande og dømande makt på same stad. Før lovene vart skrivne ned måtte lagmannen seie dei høgt, og så dømde dei i samhøve med desse. Berre naturen gjer denne staden spesiell.

Thingvellir var viktig då det vart gjort til tingstad, det var viktig då Island vart kristna, og det var viktig den 17. juni 1944 då Island vart eit sjølvstendig land. Det er ikkje tvil om at denne tingstaden framleis lever og at dei viktigaste avgjerslene på Island har vorte tekne her, og vil verte tekne her i framtida. Dette er positivt, og her har vi mykje å lære.

Les meir.