Konsept for formidlinga av Gulatinget

Tusenårsstaden Gulatinget femner om fleire fagfelt og sjangrar: Historie, politikk, rettslære, demokrati, samfunnsutvikling, ressursfordeling og kommunikasjon for å nemna noko. For å lukkast med å formidla denne kulturarven, er det etablert kontakt med andre aktørar og organisasjonar.  Her er nokre av hovudpunkta når det gjeld kva vi steller med av formidling:

  • Framheve det autentiske, historiske og fysiske med Gulatinget. Tingområdet i Krossteigen, dei to krossene frå år 1000, samt formidle dei mange hendingane som fann stad her med konger, bønder og Islandsmenn (Magnus Lagabøte, Håkon Håkonsson, Egil Skallagrimsson m.fl.)
  • Vidareutvikle Gulatingsparken på Flolid med sine kunstinstalllasjonar, vandringsløyper og seinare visningsbygg
  • Formidle Gulatingslova som ein sentral del av vår verdsarv. Vise Noregs eldste rettskjelde sin påverknad opp gjennom hundreåra opp til vår eiga tid
  • Invitere til møteplassar for refleksjon og diskusjon ”der det byrja”. Vere til rådvelde for mange typar møte, både løysing av konfliktar og andre sonderingar for menneske og organisasjonar i dag
  • Formidle problemstillingar i Gulatingslova inn mot praktiske løysingar både historisk og i dag
  • Gulatingslova har ein lang førkristen lovpraksis som få andre lover i verda kan visa til. Formidle denne rettspraksisen og syne endringane som kom seinare med innføringa av kristendomen
  • Vise utviklinga av synet på menneskeverd, demokratiske prosessar og etablering av kongemakt/statsmakt
  • Vise problemstillingar som er aktuelle også i dag med m.a. film, tablå, rollespel og teaterframsyningar. Involvering av dei besøkjande
  • Invitere til samarbeid med relevante organisasjonar i dag og vera ein katalysator og positiv bidragsyter
  • Eigne opplegg for skular og pensjonistar
  • Leggje til rette for auka besøk og merksemd
  • Etablert tett kontakt med relevante forskingsmiljø