Gulatingsambassadørar

Det er utnemnd Gulatingsambassadørar som vil formidla vår kulturarv på brei basis: Desse er pr.dato:

  • Jon Fosse, dramatikar
  • Gunnar Staalesen, forfattar
  • Julia Bache-Wiig, skodespelar
  • Knut Helle, professor i historie
  • Sigrid Moldestad, artist
  • Jørn Øyrehagen Sunde, jusprofessor

Skuleambassadørar

Alle avgangselevar i ungdomsskulen i Gulen kommune går gjennom eit undervisningsopplegg der dei tileignar seg kunnskap om Gulatingsarven og kan fungera som guide og ambassadørar. Eit diplom og jakkemerke vert og laga for dette føremålet. Grunngjevinga for tiltaket er å forankra kunnskapen breitt i kommunen og syta for at komande generasjonar får interesse og kunnskap.