Om Kunstverka

Alt som står i lova.jpg

Tusenårsstaden Gulatinget er utsmykka med kunstverk av skulptøren Bård Breivik. Kunstverka består av den monumentale "Tingveggen", "Tinghella" og "Eldsirkelen". I tillegg har Bård Breivik laga 6 individuelle skulpturar, Lovmenn der ein er sett opp ved den gamle inngangen til tusenårsstaden. Dei fem andre skulpturane vil bli sett opp etter kvart.

Komprimert anglisk kross.JPG

Tidlegare direktør for Nationalmuseet, Sune Nordgren, beskrev kunstverka som "platsspecifika och landskaparelaterade, inte underordnade, men i dialog med platsen". Han synte til at kunstverka på Tusenårsstaden minnar om andre plasser i verden, så som Stonehange, og at plassen i tillegg til sin fortetta energi også har ein praktisk funksjon. For her kan "konst, musik och teater upplevas i en gränsöverskridande förening".

At steinane kjem frå Kina tilførar i følge Nordgren yttarlegare ein dimensjon. Brotne som dei er i Yantai har dei ferdast over halve jordkloden, og dei 22 ståande steinane i Tingveggen vert som langvegsfarande som knyt kulturar, tradisjonar i steinhandtering og globale uttrykk saman. Dei kjem til Gulatinget på same måte som dei langvegsfarande kom med sine skip til denn beskytta møteplassen tidleg i Noregs sin historie. 

Tinghella, vendt mot det naturlege amfiet, Tingveggen, Eldsirkelen og Lovmenna fortel om vatn, eld og skydd. Livsnødvendigheiter som alltid har bestemt mennesket sine livsvilkår. I følge Nordgren vert difor den historiske plassen, naturen og kunsten till ein symbiose, ein ouppløseleg forening og ein total oppleving. Ein tusenårsstad!