Gulatinget og Kvernsteinsparken

TellUs_1500_112_large.jpg

Pensjonistgruppar, skulegruppar og andre kan tinge ein dagstur der ein vitjar både Gulatinget og Kvernsteinsparken i Hyllestad.

Her får ein guida rundtur og får lære om Gulatinget, Gulatingslova og Leidangen, samt omvisning i Kvernsteinsparken i Hyllestad. I Kvernsteinsparken får ein lære om korleis kvernsteinar vart laga og frakta over store delar av Europa. Dernest vert det vitjing i langhuset og servering av "vikingmat" over ope eld.

Middag for grupper på rundtur kan også tingast på Eivindvik kroa, Eivindvik Fjordhotell, Brekkestranda fjordhotell el.l.

For tinging av gruppetur til Gulatinget og Kvernsteinsparken kontakt turoperatørane som tilbyr rundturar, eller prosjektleiar for Tusenårsstaden Gulatinget.