Solsnu i Krossteigen 2016

Solsnu i Krossteigen i Eivindvik er ein årleg tradisjon for å markere at vi går mot ljosare tider.Den angliske krossen i Krossteigen er sett opp av ein av kristningskongane i vikingtida, og er plassert slik at heile krossen vert lyst opp i ca 5 minutt, i det sola kjem til syne i skaret i Fonna litt før den står på sitt høgaste. 

Det vart ein kort markering i Krossteigen 21.12.16 grunna utprega Vestlandsvér, der Ingrid Hellwege Haveland opna seansen med å spele på lur. Deretter vart det solsnuarrangement i Kommunestyresalen, med lett servering, samsong og solosong av Elisabeth Sowerby Dale. Ho framførde Gabriel Fauré sin nydelege "Pie Jesu" frå  "Requiem" akkompagnert av organist i Gulen kyrkje Peter Jobbagy. 

Vi ønskjer alle ein fredsæl julehøgtid i det vi går ein ljosare tid i møte.

God Jul!