"Gulatinget"

av Siri Ingvaldsen

Gulatinget er ein av dei eldste regionale tingstadene i Noreg. Det var truleg Harald Hårfagre som etablerte tingstaden, sist på 800-talet eller tidleg på 900-talet. Den opphavlege tingstaden var i Eivindvik i Gulen, midt på Vestlandskysten og ved innløpet til Sognefjorden. Tinget vart seinare truleg flytt til Flolid, og her er det i dag lagt ut tingpark, som òg er tusenårsstad for Sogn og Fjordane. Tingsamlingane var dei første stega mot politisk organisert maktdeling, og tingordninga var ei viktig inspirasjonskjelde for det moderne norske demokratiet. Det går ei linje frå Gulatingslova til Grunnlova i 1814.

Denne boka fortel historia om Gulatinget og Gulatingslova i vikingtid og tidleg mellomalder. Ho er samstundes ein kulturhistorisk vegvisar til dei to tingstadene Eivindvik og Flolid. Boka er rikt illustrert med foto og kart.

 

Gulatinget framside.jpg

Utgivar: Selja Forlag
Forfattar: Siri Ingvaldsen

Kan bestillast hjå Gulen kommune: 57 78 20 10 / postmottak@gulen.kommune.no Utsalspris kr. 269,-

 


"GULATINGET OG GULATINGSLOVA"

av professor Knut Helle

Forfattar Knut Helle (1930-2015) har i ein mannsalder vore professor i mellomalderhistorie ved Universitetet i Bergen. Han har vore hovudredaktør for "Vestlandets historie", "Aschehougs Verdenshistorie" og "Aschehougs Norgeshistorie" og skreiv eit band om høgmellom-alderen i begge desse seriane. Han har elles skrive bøkene "Norge blir en stat", "Konger og gode menn i norsk riksstyring" og "Kongssete og kjøpstad, Bergen bys historie, bd. 1".

Du skal ikkje lese lenge i Gulatingslova før du veit kvar du er i landet. Her kan folk bu så høgt oppe i fjellet eller langt ute i øyane at ufarande sjø og fjell kan hindre dei i å føre lik til kyrkjegarden. Langs kysten bind hovudleia landet saman og fører til og frå andre landsdelar.

Frå leia er det råd å ro og sigle på fjordane langt inn i landet. Fjordar og fjell skil bygdene frå kvarandre, og elvane kan vere vanskelege å kome over. Der går laksen opp mellom fjøre og fjell, og det er fisk, sel og kval i havet utanfor. I fjellet trugar bjørn og ulv.

I boka skriv forfattaren, professor Knut Heile, om Gulatinget frå Harald Hårfagre sine dagar og fram til omkring 1300 då tinget vart flytt frå Gulen til Bergen. Han ser tinget som ein møtestad mellom det vestnorske bondesamfunnet og dei to offent­lege maktene -  kongedømet og kyrkja - som søkte å organisere samfunnet under seg i mellomalderen. 

Forfattaren ser den eldre Gulatingslova som eit vitnemål om tilhøva i bondesamfunnet og dei rollene konge og kyrkje spela der, før eit sterkare rikskongedøme og ei meir uavhengig kyrkje tok over og det vart trong for nye lovbøker. Ikkje berre i norsk, men også i nordisk og europeisk perspektiv er den eldre Gulatingslova viktig av di ho speglar eit bondesamfunn som gjennom tingmennene sine opptrådde sjølvstendig i lovskiping, domsverksemd og tingingar med kongedøme og kyrkje om tiltak av sams interesse.

Gulatinget o gulatingslova, Knut Helle.jpg

Utgivar: Skald Forlag
Forfattar: Knut Helle
ISBN 82-7959-022-6

Kan bestillast hjå Gulen kommune: 57 78 20 00 / postmottak@gulen.kommune.no. Utsalspris kr 350.


Tjuvar, drapsmenn, bønder og kongar

- ei fagbok for born om Gulatinget

Gulatingsprosjektet har i samarbeid med Mangschou forlag i Bergen utvikla ei fagbok om Gulatinget, om vikingtid og Gulatingslova. Den er skrive av barnebok- og høyrespelforfattar Ole Røsholdt og er gjennomillustrert av Trond Bredesen.

I boka følgjer vi vikingguten Arne og venen hans trelen Hallstein på garden ein stad i Sogn kring år 995 e.Kr. Gjennom boka syner forfattaren korleis Gulatingslova greip inn i dagleglivet, og fleire stada finn ein sitat frå lova. Arne får til sist vere med faren på Gulatinget, og vi får følgje guten på den spennande ferda til tings. Her vert han vitne til lagmennene som vedtar lover, dømer i saker og drøftar politiske saker. Han får også oppleve folkelivet, marknaden og alt det spennande som skjer rundt Gulatinget når så mange mennesker er samla på ein stad. 

Bakerst i boka er det laga ein faktadel om vikingtida, om Gulatinget og om Gulatingslova. Boka er tilpassa læreplanen for grunnskulen og passar for barn frå 10 år og oppover (4. klassetrinn).

Det er utvikla ein lærarrettleiing til boka som du kan laste ned gratis her.

Komprimert barnebok.jpg

Boka er i salg hos Mangschou forlag, hjå bokhandlarar eller hjå Gulen kommune: 57 78 20 00 / postmottak@gulen.kommune.no