Leidangen - Det første forsvar

Varde.jpg

Gulatinget var opphavet til det første organiserte forsvaret av riket, med etableringa av den sjømilitære leidangsordninga. Ordninga omfatta militære plikter der kvar bygd, og etterkvart byane, måtte byggja, utrusta og bemanna skip til leidangsflåten.

Etter sagatradisjonen var det Håkon den gode som midt på 900-talet fekk den første leidangsordninga vedteke på Gulatinget. Noregs første forsvarsordning avspeglar kva som i eit langt perspektiv har vore hovudfokus i norsk militærhistorie - forsvaret av kysten og sjømilitær kompetanse.

Som militær mobiliseringsordning stod leidangen ved lag heilt fram til 1600-talet. Til mobiliseringsordninga høyrde også eit varslingssystem med vetar (vardar) på fjelltoppane. Rundt dei to tingstadane i Gulen ligg det fire slike vetar. Systemet var svært effektivt. Med tenning av veter som varsel om fare og framande sjøfarande, kunne ein mobilisere Leidangen langs heile kysten innan ei veke.

Sjølv om leidangen tapte det meste av si militære rolle på 1300- og 1400-talet, levde delar av ordninga vidare. Vetesystemet var i bruk så seint som under Napoleonskrigane tidleg på 1800-talet, og som skatt eksisterte leidangen heilt fram til 1838. Det viktigaste er likevel at leidangen er utgangspunktet for den allmenne verneplikta som framleis gjeld i Noreg.