Kunst på Tusenårsstaden

Tusenårsstaden Gulatinget er utsmykka med monumentale kunstverk av skulptøren Bård Breivik. Dei majestetiske installasjonane "Tingveggen", "Tinghella" og "Eldsirkelen" ber bod om den innverknaden Gulatinget har hatt for Noreg som nasjon. Skulpturane er supplert av "tingmenn" - individuelle skulpturar plassert i landskapet. 

Omtale

Mangeårig direktør for Nationalmuseet, Sune Nordgren, skildra kunstverka på Tusenårsstadensom "platsspecifika och landskaparelaterade, inte underordnade, men i dialog med platsen". At steinane kjem frå Kina og har ferdast over halve jordkloden, tilfører i følge Nordgren yttarlegare ein dimensjon. Dei 22 ståande steinane i Tingveggen vert som langvegsfarande som knyt kulturar, tradisjonar i steinhandtering og globale uttrykk saman. Dei kjem til Gulatinget på same måte som dei langvegsfarande kom med sine skip til den beskytta møteplassen tidleg i Noregs sin historie. 

Tinghella, Tingveggen, Eldsirkelen og Lovmenna fortel om vatn, eld og skydd. Livsnødvendigheiter som alltid har bestemt mennesket sine livsvilkår. I følge Nordgren vert difor den historiske plassen, naturen og kunsten till ein symbiose, ein ouppløseleg forening og ein total oppleving. Ein tusenårsstad!

 

Les meir om kunstnaren Bård Breivik.