Gulatingslova

“Det er opphavet til lovane våre

at vi skal bøye oss mot aust og be til den heilage Krist om godt år og fred og om det at vi kan halde landet vårt busett og landsherren vår heil. Han vere vår ven, og vi hans, og Gud ven til oss
alle”.  - Opningsord i Gulatingsloven

Lovene som ein dømde etter i starten var eigentleg eit sett uskrivne reglar for skikk og bruk i det gamle bondesamfunnet, og dei vart overførde munnleg frå generasjon til generasjon av spesielt lovkunnige menn (lagmennene) som såleis fekk mykje i seie på tingseta. I dei tidlege fasane av Gulatinget si historie skulle dei lovkunnige mennene hugse alle lovene som var vedtekne. 

På slutten av 1000-talet tok ein til å skrive ned den første «Gulatingslova». Lova finst i dag i eit handskrive manuskript frå om lag 1250, men teksten er blitt til gjennom alle dei lovvedtak og revisjonar som tingbøndene var blitt einige om gjennom eit par hundreår.

Dei eldste kjende føresegnene i Gulatingslova stammar frå Håkon den godes tid. Lovene vart memorert og formidla munnleg inntil skriftkulturen fekk fotfeste, seinast under kong Olav Kyrre (1067–93). 

Gulatinget og lovene som vart forma ut der, vart det viktigaste grunnlaget for den første norske landslova - Magnus Lagabøters Landslov frå 1274. 

Bøndene på Gulatinget godkjente lovene som skulle gjelde, i direkte forhandlingar med kongen og kyrkja. Det var også i møtet med representantane på tinget at kongen kunne forhandle om støtte for politikken sin, i byte mot tenester og vern.

Gulatingslova er den eldste lovsamlinga vi kjenner til i Norden. Den sikra bøndene ein sjølvråderett som er unik i europeisk samanheng.