Gulatinget

Gulatinget er ei av dei eldste og største tingsamlingane i Norden. Tinget var lovgjevande, dømmande og utøvande makt i mellomalder og vikingtid. Tingmennene samla seg årleg frå ca. 900-1300 e.Kr. I byrjinga var tinget eit Allting der alle frie våpenføre menn frå Vestlandet hadde rett til å møtast og få legge fram sakene sine. Dei drøfta og politiske saker, som skattlegging, vegbygging, kyrkjebygging, militære plikter og ei rad andre spørsmål. I tillegg brukte dei tinget til dømma i sivile tvistemål og kriminalsaker.

Det eldste tingområdet omfatta Hordaland, Sogn og Fjordane.  Før 1163 reknar ein med at kring 400 nemndemenn møtte på Gulatinget, i tillegg til utsendingar frå kongen og frå kyrkja. Frå midt på 1100-talet vart talet på utsendingar redusert til 248, og 100 år seinare til 148 nemndemenn.

I Snorres sagaverk om dei norske kongane blir det fortalt at Håkon den gode (935-61) tok aktivt del i tingsamlingane i Gulen. Under hans styre vart Rogaland, Agder og Sunnmøre lagt inn under Gulatingsområdet. Etter at Landslova vart innført i 1274, kom også Setesdal, Hallingdal og Valdres inn under Gulatinget.

Utvidinga av Gulatinget sitt lovområde førte med seg ei omdanning frå allting til lagting. Kvart fylke peika ut sine lagmenn - eit visst tal menn som skulle representere sitt distrikt. Dermed vart representasjonsprinsippet i det norske styresettet etablert.