Gulatinget

Gulatinget

Gulatinget er ei av dei eldste og største lagtinga i Norden, truleg skipa i Gulen av kong Harald Hårfagre (konge ca. 872–932). Vikingane kom hit for å møte kongen, drøfte politiske spørsmål, vedta lover og dømme i saker.

Gulatinget var samla frå 900-1300 e.Kr. I byrjinga møttest tingmennene frå Vestlandet for å drøfta politiske saker, som skattlegging, vegbygging, kyrkjebygging, militære plikter og andre spørsmål. I tillegg brukte dei tinget til dømma i sivile tvistemål og kriminalsaker.

Gulatingslova

Gulatingslova

“Det er opphavet til lovane våre

at vi skal bøye oss mot aust og be til den heilage
Krist om godt år og fred og om det at vi
kan halde landet vårt busett og
landsherren vår heil. Han vere vår
ven, og vi hans, og Gud ven til oss
alle”.

Slik opner Gulatingslova, den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i Norden. Lovene som tingmennene på Gulatinget dømde var i staten uskrivne reglar for skikk og bruk i det gamle vikingsamfunnet- Lovene blei overført munnleg frå generasjon til generasjon av spesielt lovkunnige menn (lagmennene) som såleis fekk mykje i seie på tingseta. I dei tidlege fasane av Gulatinget si historie skulle dei lovkunnige mennene hugse alle lovene som var vedtekne. 

På slutten av 1000-talet tok ein til å skrive ned den første «Gulatingslova». Lova finst i dag i eit handskrive manuskript frå ca 1250 - den så kalla "Rantzauboka" som ligg i Det Kongelige Biblioteket i Københamn, men teksten er blitt til gjennom alle dei lovvedtak og revisjonar som tingmennene var blitt samde om gjennom 400 år-.

Kva handla Gulatingslova om?

Kva handla Gulatingslova om?

Den første bolken i Gulatingslova handlar om «kristenretten». og fastset m.a. reglar for kristen åtferd og ytingar til kyrkja. 

Deler av lova har form som ei kontrakt mellom tingmennene på den eine sida og kongen og kyrkja på den andre, med ytingar og motytingar som er fastsette etter forhandlingar på tinget. Dette gjeld m.a. ytingane til militærstell og landsvern, og korleis kongen og hans sendemenn skal skjøtte oppgåvene sine. Men det meste av lovtekstane omhandlar likevel den praktiske kvardagen i det norske bondesamfunnet i mellomalderen.

Gulatingsseglet

Gulatingsseglet

Denne teikninga viser det som er igjen av gulatingseglet, og er det einaste avtrykket som finst. Avtrykket står i deplomatrium norvegicum 662 og er datert 23.06.1421. 

Stampen til seglet er truleg mykje eldre og vart nok brukt på gamle gulating.

Seglet har stor sigillografisk interesse og verdi. I tillegg til frostatingseglet er dette det einaste seglet vi no har avtrykk av frå dei gamle, kjende tingsetene i landet.