Omvising 

Tusenårsstaden Gulatinget er ope for publikum heile året, og ein kan tinge omvisning for grupper både på Tusenårsstaden på Flolid og i Eivindvik. Omvisingane på Tusenårsstaden gjev ei innføring i historia om Gulatinget, Gulatingslova og Leidangen - vårt første organiserte forsvar. Du får også lære meir om kunstverka til Bård Breivik. 

 

"Brød af Steen og Aand af Strile..."

I Eivindvik kan du vandre der Tingmenn samla seg gjennom 400 år på Gulatinget sin eldste tingstad. Her vil du og lære om Stortingsmannen og "potetpresten" Prost Niels Griis Alstrup Dahl (1778-1852) som gjennom sitt livsverk reformerte Gulen.

Du vil lære om Henrik Wergeland som vitja Dahl sommaren 1832. Han vart så imponert over prosten at han skreiv det kjende diktet "Eivindvig", og omtalte Dahl som "Eivindvigens Anden Skaber". 

Bestilling

Omvisning Tusenårsstaden
Gulatinget (45 minutter)
Vaksne kr. 150,- Born under 12 gratis

Omvisning Eivindvik
Prost Dahl, Henrik Wergeland og Gulatinget opphavleg tingstad (45 minutter)
Vaksne kr 150,- Born under 12 gratis

Kontakt for bestilling
 (+47 57782006) eller e-post (Gulatinget@gulen.kommune.no)

Reise til Gulatinget

coastal-6.jpg

Opplev kysten på sitt beste! Ta ekspressbåt frå Bergen, Sogn eller Nordfjord) til Sollibotn og følg Nordsjøløypa eller følg buss til Eivindvik og vidare til Flolid og Tusenårsstaden.

Dersom du ønskjer å vandre, eller sykle kan du gå eller leige syklar på hotellet i Eivindvik. Tusenårsstaden Gulatinget på Flolid ligg ca 4 km frå Eivindvik.

Du kan og tinge tur med RIB-båt mellom dei 1500 øyene i skjærgården i Gulen. For tinging av RIBtur kontakt Fjordguiding A/S (e-post post@fjordguiding.com telefon +47 47802010).

Vikingtid i Ytre Sogn

Er du interessert i vikingtida? Ytre Sogn er midt i kjerneområdet til vikingtiden i Noreg. Her finn du vikingkulturminner på rekkje og rad. Gulatinget, Kvernsteinsparken, Osen gard og Rivedal; der Ingolfr Arnarsson dro ut og ble den første "Landnåmsmannen" som slo seg ned på Island.

Vi anbefalar og ein tur til Kvernsteinsparken i Hyllestad. Her får du guida omvisning og får lære alt om vikinghandtverk, og om korleis kvernsteinar vart laga og eksportert ut i Europa. Dernest vert det vitjing i langhuset og servering av "vikingmat" over ope eld.