Finansiering

Tusenårsstaden Gulatinget er finansiert med eit årleg tilskot frå Sogn og Fjordane fylkeskommune på  kr. 1 065 000,-. Tilskotet dekkjer driftsutgifter til prosjektleiing i 70% stilling, drift og stell av parkanlegget, samt eit tilskot til hovudaktivitetane i prosjektet. Gulen kommune dekkjer de resterande 30% av totalbudsjettet.

Gulen kommune løyver i tillegg midlar over investeringsbudsjettet til investeringar. Løyvinga forutset eksterne midlar med inntil 50% av totale investeringskostnader. Det vert løyvd midlar frå næringsfondet til næringsretta utviklingstiltak.

Parkanlegget er etter opninga i 2005 utvikla ved hjelp av spelemidlar. Til alle utviklingstiltakene i prosjektet blir det søkt eksterne midlar der dette er mogeleg.

Har du eller di bedrift ønskje om bidra til utviklinga av Gulatinget?

Ta kontakt med dagleg leiar Anne Hopland
Tlf 57782006/97524095
E-post Anne.Hopland@gulen.kommune.no

Samarbeidspartar

  • NRCUWC (Nordic Red Cross United World College)/HIFUS
    • Pedagogisk formidling
    • Nordatlantisk Tingstadnettverk 
  • Fjordkysten (Stiftinga Jensbua)
    • Utvikling av Gulatinget som reisemål
    • Profilering, marknadsføring og utvikling
    • Nordatlantisk Tingstadnettverk 
  • HAFS Regionråd
    • Pedagogisk formidling ("Demokratiutvikling med utgangspunkt i Noreropeiske tingstadar")
    • Nordatlantisk Tingstadnettverk (forstudie, forprosjekt og hovudprosjekt)
  • Universitetet i Bergen
    • Gulatingseminaret
    • Nordatlantisk Tingstadnettverk
    • Forskingsprosjekt 
  • Mangschou forlag
    • Barnebok om Gulatinget
  • Eivindvik Idrettslag v/Trimgruppa
    • Nordsjøløypa Sollibotn - Tusenårsstaden Gulatinget
    • Tursti til Guløytoppen

Sponsorar og bidragsytarar