Fagbok for barn om Gulatinget

Boka er i salg hos Mangschou forlag, hjå bokhandlarar eller hjå Gulen kommune: 57 78 20 00 / postmottak@gulen.kommune.no.

Boka er i salg hos Mangschou forlag, hjå bokhandlarar eller hjå Gulen kommune: 57 78 20 00 / postmottak@gulen.kommune.no.

Gulatingsprosjektet har i samarbeid med Mangschou forlag i Bergen utvikla ei fagbok om Gulatinget, om vikingtid og Gulatingslova. Den er skrive av barnebok- og høyrespelforfattar Ole Røsholdt og er gjennomillustrert av Trond Bredesen.

I boka følgjer vi vikingguten Arne og venen hans trelen Hallstein på garden ein stad i Sogn kring år 995 e.Kr. Gjennom boka syner forfattaren korleis Gulatingslova greip inn i dagleglivet, og fleire stada finn ein sitat frå lova. Arne får til sist vere med faren på Gulatinget, og vi får følgje guten på den spennande ferda til tings. Her vert han vitne til lagmennene som vedtar lover, dømer i saker og drøftar politiske saker. Han får også oppleve folkelivet, marknaden og alt det spennande som skjer rundt Gulatinget når så mange mennesker er samla på ein stad. 

Bakerst i boka er det laga ein faktadel om vikingtida, om Gulatinget og om Gulatingslova. Boka er tilpassa læreplanen for grunnskulen og passar for barn frå 10 år og oppover (4. klassetrinn).