Arven frå Gulatinget

 

 

Gulatinget spelte ei sentral rolle då Noreg vart samla til eitt rike. Kongemakta var lokalisert på Vestlandet i mellomalderen, og det var med utgangspunkt i tingsamlingane at kongen kunne få støtte for ei samling av riket. Tinget var også utgangspunktet for kristninga av Noreg. 

Representasjonsprinsippet

Gulatinget er opphavet til dei norske styringstradisjonane der representantar for distrikta møttest for å delta i den politiske styringa. Den politiske makta til dei regionale tinga vart redusert etter kvart som kongemakta vart sterkare. Ideen om representative forsamlingar hadde dårlege vilkår under unionstidamed Danmark. Men ideen overlevde.

Det hadde utvikla seg representative forsamlingar over heile Europa i mellomalderen. Enkelte av desse, tildømes det engelske parlamentet vart inspirerande eksempel då Europa opplevde ei politisk vårløysing på 1800-talet.

Frå Allting til Storting

Då ei representativ forsamling sat saman våren 1814 for å skriva ei grunnlov for eit sjølvstyrt Noreg, blei det bestemt at nasjonalforsamling i landet skulle kallast Storting, og vere eit fellesting for heile landet.

Dette var med bakgrunn i eit sterkt historisk medvit om den sentrale rolla tingsamlingane hadde i den norske sjølvstendeperioden i mellomalderen. Vedtaket var mogeleg fordi representantane hadde støtte i breie lag av det norske folket. Den representative styringsforma har det siste hundreåret blitt vidareutvikla til eit demokrati der alle vaksne har politiske rettar.

Trass i bruken av det greske ordet demokrati, har ikkje dette folkestyret røtene sine i antikken,men i den norske mellomalderen. Og ingen stader kjem vi nærare utgangspunktet for det norske folkestyret enn i Gulen, ytst i Sognefjorden.

Frå ting til lagmanssrett

Like før 1300 vart Gulatinget flytta frå Gulen til Bergen. I kong Christian IV si Norske Lov av 1604 er «Gulating» bytt ut med «Bergen lagting». I 1797 vart Bergen lagdøme oppheva saman med dei andre norske lagdøma, og den 500 år gamle ordninga med lagmann vart teken bort. I staden fekk ein fire stiftsoverrettar.

I ei lov frå 1887 om straffeprosess innførte ein på nytt lagrette (jury), og formann i lagmannsretten fekk igjen nemninga lagmann. Dei andre domarane i lagmannsretten kallast lagdommarar.

Ved sida av Gulating lagmannsrett som har hovudsete i Bergen, har vi lagmannsrettane Eidsivating, Agder, Frostating og Hålogaland.

Frå Gulatingslov til moderne rettssystem

Gulatinget var som institusjon både, lovgjevande og dømmande organ. I vår moderne tid er makta delt mellom Storting, Regjering og Domstolane etter maktfordelingsprinsippet.

Politiske saker vert i våre dagar handsama i Kommunestyret, Fylkestinget og Stortinget, medan domstolane dømer etter lova i straffesaker og sivile tvistemål. At vi fekk vår første lovsamling, og dermed eit grunnlag for ein rettsstat, er ein arv frå Gulatinget. På bakgrunn av arven frå Gulatinget har det sidan vakse fram eit rettssystem og eit lovverk som sikrar nordmenn grunnleggjande menneskerettar, og fremjar tryggleik og fred for innbyggarane i landet.


Arvtakarene til Gulatinget