Back to All Events

Julemarknad med Frendar vikinglag

  • 10 Fv7 Sogn og Fjordane, 5966 Norge (map)

Velkommen til Julemarknad med Frendar Vikinglag på laurdag!

Frendar vikinglag inviterer i samarbeid med Gulatinget til julemarknad på Tusenårsstaden Gulatinget laurdag den 25.november.

Det vert sal av vikingprodukt, handtverk, kvernsteinsbrød, julegløgg og juleknask, sveler og kaffi. 

Omvisning kvar heile time der du får lære om Gulatinget, Gulatingslova, Tusenårsstaden og kunstverka til Bård Breivik.

Velkomen til førjulskos saman med Frendar vikinglag.
Om stygt vær er vi innomhus i grindbygget.

Betalingsmåtar: Kontant og Vipps

Earlier Event: August 15
Festkonsert i Gulen kyrkje, Eivindvik