Nasjonalt tingstadmøte


Dei fire historiske tingstadområda i Noreg samlast til møte i Gulen torsdag 27. august. Gulatinget, Frostatinget, Eidsivatinget og Borgartinget skal samarbeide tett i eit nytt tingstadnettverk.

Desse to dagane vert det foredrag, kulturopplevingar og ekskursjonar ope for alle. Meir informasjon om dette kjem på gulatinget.no. 

Tingstadane spelte ei viktig rolle for demokratiutvikling i den tidlege historia. Denne kulturarven har både nasjonal og internasjonal interesse fordi den norske tingtradisjonen viste seg å vere bærekraftig og samlande.