M/S Nybakk og "Thing Trail 2014"


Prosjektet "Thing Trail 2014" går ut på å vitja historiske tingstadar i vesterled som ledd i den norske grunnlovsfeiringa. M/S Nybakk seglar i denne samanheng som offisielt sendebod for Tusenårsstaden Gulatinget. Toktet i 2014 blir gjennomført i tidsrommet 6-28 juni. 

Eit mobilt kulturarrangement  

Namnet "Thing Trail" er det våre vener i vest som har kome opp med. Namnet viser til viktige strategiske mål knytt til arbeidet innom det nordatlantiske tingstadnettverket (les meir på www.gulatinget.no eller www.thingproject.eu ). Tingstadnettverket arbeider mellom anna med å utvikle kunnskap, kultur og næringsverksemd rundt denne unike kulturarven. 

Gulatinget var utgangspunktet for den norrøne tingtradisjonen på vesterhavsøyane.  Ideen om å gå opp løypa mellom dei norrøne tingstadane som vart stifta etter mønster frå Gulatinget har difor skapt stor interesse og oppslutnad. I prosjektet ser vi potensial for å skape eit mobilt kulturarrangement som kan sende positive impulsar fram og tilbake over havet og bidra til styrke kjensla av kulturelt fellesskap. I 2014 prøver vi dette ut som heilstøypt ide.  Planen er å gjennomføre ”Thing Trail” som eit tokt til dei britiske øyane i 2014, og til Færøyane og Island i 2015.

M/S Nybakk. Foto: M/S Nybakks Venner

Jubileumsutstilling med på tokt

Thing Trail 2014 vil starte på Tusenårsstaden Gulatinget 5. juni og verte avslutta same stad under den storstilte grunnlovsfeiringa på den historiske Gulatingsdagen 28 juni. I Gulen tek vi ombord jubileumsutstillinga som skal fylgje M/S Nybakk heile 2014 sesongen, først på turen vestover, og seinare på turen langs norskekysten frå Oslo til Trondheim. Bak jubileumsutstillinga står Tusenårsstaden Gulatinget, Norsk Kvernsteinsenter, Selja Kloster og Pilgrimssenter og Orkney Museum. Vi vil her nemne at dette blir tredje året at museet i Kirkwall sender ei spesiallaga utstilling med M/S Nybakk. 

Kulturimpulsar over havet

I Eivindvik tar vi også ombord gåvene frå Noreg til dei norrøne tingstadane som vi vitjar på ferda vestover. Dette vil vere kopiar av steinkrossen på tingstaden i Gulatinget. Mange av steinkrossane som vart plasserte på viktige og strategiske plassar langs leia er som kjent hogde i Hyllestad. Merkja etter denne særeigne produksjonen er framleis godt synlege i dei gamle kvernsteinsbrota som Noreg har nominert til UNESCO si verdsarvliste. Gåvene symboliserer fellesskapen og hopehavet innom kulturkrinsen. Den norrøne rettstradisjonen representerer kulturimpulsar frå den norrøne kulturkrinsen. Krossane symboliserer kulturimpulsane tilbake same vegen over havet frå dei keltiske områda. I dag reknar vi både demokrati og kristendom som sjølvsagt delar av vår felles kulturarv.

Gulatingsparken 5. juni - program

  • Kl 13.00 Tingfanfare foran Tingveggen med Gulen Brass Band
  • Kl 13.05 Kongesangen «Gud sign vår Konge god»
  • Kl 13.08 Helsingar frå ordførar Hallvard Oppedal og representantar for MS NYBAKK
  • Kl 13.15 Overlevering av gåver til vesterøyene. Innslag med barn frå Gulen
  • Kl 13.20 Lansering av nytt banebrytande prosjekt frå Gulatinget for heile verda
  • Kl 13.30 Musikalsk innslag på øvste hylle (bokstaveleg talt)
  • Kl 13.35 Kort kortesje frå Tingveggen til Flolid kai og MS NYBAKK. Gulen Brass Band spelar
  • Kl 13.40 Om bord i MS NYBAKK. Forfriskningar og utstillingsopning
  • Kl 13.55 Kapteinens helsing. Besøkjande går i land og lagar espalier
  • Kl 13.58 Nasjonalsangen «Ja vi elsker dette landet»             
  • Kl 14.00 MS NYBAKK seiler ut frå Gulatinget. Fanfarer og festmusikk ved Gulen Brass Band

Reiserute

 Gulatinget   5. juni 
 Isle of Man   14. juni 
 Highland (Dingwall)   21. juni 
 Orknøyane   23. juni 
 Shetland   25. juni 
 Gulatinget   28. juni