Olemic Thommessen til Gulatinget

Sogn og Fjordane fylkeskommune si hovudmarkering av Grunnlovsjubileet 1814-2014 er lagt til Tusenårsstaden Gulatinget i Eivindvik 28. juni. Stortingspresident Olemic Thommessen deltek på markeringa. 

Målet med arrangementet er å løfta fram tusenårsstaden i ein nasjonal samanheng og visa dei lange linene i utviklinga av folkestyretradisjonen i Noreg. 

Markeringa er ein del av det offisielle nasjonale Grunnlovsjubileet, og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Gulen kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, KS og Den norske kyrkja.