Back to All Events

Gulatingets internasjonale ungdomstingsprosjekt

Gulatinget ynskjer i samarbeid med Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane å lansere eit nyskapande opplegg inspirert av TING-tradisjonane. Det skal lanserast ein prosess som skal drøfte aktuelle spørsmål som ungdom er oppteken av i heile verda med presentasjon under folkefesten i Gulatingsparken 28.juni.

Bakgrunn

Verda i dag er i ei brytningstid. Mange land har opplevd ein stor auke i levestandard den siste generasjonen, samstundes som vi står overfor store utfordringar med omsyn til mellom anna berekraftig økonomi, klima og menneskerettar. Det er etablert mange internasjonale system og organisasjonar som skal koordinere og koma med løysingar på desse utfordringane, til dømes FN med sine underorganisasjonar.

Nyskapande opplegg

Ungdomar i dag ser med uro på framtida, fordi prosessane for å betre denne situasjonen i verda ofte er prega av politisk proteksjonisme og liten vilje til å nå naudsynte resultat. Gulatinget ynskjer i samarbeid med Ungdomspolitisk utval i Sogn og Fjordane å lansere eit nyskapande opplegg som skal vere ei røyst frå den oppvaksande slekt i verda og gje rom for deira kommentarar og framlegg til vegen vidare.

Det skal utarbeidast eit dokument om "Ungdom sin situasjon i verda" som har vore gjennom ein prosess der mange ungdomar i heile verda har påverka resultatet. Dokumentet skal overleverast norske og internasjonale styresmakter for oppfølging. Dette er ein ambisiøs målsetjing, men like fullt noko vi vil prøve å gjere.

TING-tradisjonen som inspirasjon

Vi vil nytta TING-tradisjonen som inspirasjon og reidskap for dette arbeidet. Vi er stolte over at TING-tradisjonane starta opp i Sogn og Fjordane  for nærare 1200 år sidan. Tema som vil vere aktuelle er innan:

  • Demokrati-utvikling-folkestyre
  • Ytringsfridom
  • Helse
  • Utdanning
  • Miljø
  • Arbeidsløyse
  • Samarbeid
  • Medverknad
  • Kultur 

Vi vil publisere denne prosessen mellom anna slik:

  1. Nettstad
  2. Interaktiv kommunikasjon
  3. Bruk av sosiale medier m.m.
  4. Webkamera på tingstaden med orienteringar og overraskingar
  5. Presentasjon og oppbygging av ei “tavle for menneskerettar”

Allereie 28.juni vil vi offentleggjere førebelse resultatet for prosjektet. Meininga er at dette er ein oppstart for ein omfattande og spanande prosess der ungdom frå heile verda kjem til orde. 

Ungdomstinget er programinnslag i det offisielle nasjonale Grunnlovsjubileet og skal presenterast 28.juni i Gulatingsparken.

Resultatet av denne prosessen vert presentert som

a)    Tablå om Konfliktløysing, Makt og Ansvar
b)    Resultat av det internasjonale Ungdomstingprosjektet

Vi er takksam for innspel og kommentarar (sjå punktet KONTAKT for mailadresser og telefon m.m.)