Back to All Events

Grunnlovsjubileet 1814-2014 - Folkefest på Gulatinget

Sogn og Fjordane fylkeskommune si hovudmarkering av Grunnlovsjubileet 1814-2014 er lagt til Tusenårsstaden Gulatinget i Eivindvik. Markeringa er eit samarbeid med Gulen kommune og er ein del av det offisielle nasjonale Grunnlovsjubileet. Vi legg opp til ein stor folkefest for heile familien med flotte artistar og aktivitetar for alle. 

Målet med dette arrangementet er å løfta fram tusenårsstaden i ein nasjonal samanheng. Vi vil visa dei lange linene i utviklinga av folkestyretradisjonen i Noreg. Programmet for markeringa skal bidra til å byggja opp under den historiske tradisjonen, og samstundes vera dagsaktuell og peika framover. Det er også inngått eit praktisk samarbeid med Eidsvoll 1814, United World College Fjaler, FN-sambandet, Ungdomspolitisk utval Sogn og Fjordane og mange andre aktørar. 

Program for dagen laurdag 28. juni

  • 12.00-13.00 Frå Gulating til Storting
  • 13.15-14.00 Ungdomstinget ”Ungdomens FN”
  • 14.15-15.00 Helsing frå THING-vener ute i verda
  • 15.00-16.00 Matøkt, kunstutstilling
  • 16.00-17.00 Ei reise til det autentiske Gulatinget
  • 17.30-18.30 Konsert med Sigrid Moldestad
  • Småkonsertar på scene 2
  • 19.00-20.30 Konsert med Mari Boine
  • 20.30-02.00 Småkonsertar, dans, pub

Arrangementet er gratis