Henrik Wergeland-konsert

Henrik Wergeland (1808-1845) har ein stor plass ved feiringa av Grunnlovsjubileet i heile Noreg og reknast som ein av dei største og viktigaste nordmenn som har levd. Slekta til Wergeland kjem opphaveleg frå Verkland noko som vi er stolte av. Laurdag 10. mai vert det konsert og markering med talar og gratis forfriskningar ved Wergeland si ættetavle på Verkland. Ordføraren kjem. Kjem du?   

Stad: Wergeland si ættetavle på Verkland 
Aktørar: Brekke Mannskor, Brekke Skulemusikk og elevar frå Brekke skule. 

Arr: Tusenårsstaden Gulatinget og Gulen kommune
Illustrasjon: Henrik Wergeland 1842 av O. F. Knudsen. Kjelde: WIkimedia Commons/Riksarkivet.