Konsert med Ting-orkesteret

Få med deg dei unge talenta i Ting-orkesteret på Nobel pub i Høyanger søndag kveld. Konserten er i regi av Tusenårsstaden Gulatinget og er gratis og open for alle.

Ting-orkesteret består av 8-10 talentfulle musikarar frå HAFS-regionen i alderen 12-17 år. Det er Tusenårsstaden Gulatinget som har starta prosjektet, og orkesteret er eit tilbod for ungdom som driv med musikk og tekstskriving på høgt nivå.

Ting-orkesteret vil medverke på det store Grunnlovsjubileet i Gulatingsparken 28.juni i år. Det er og planar om spanande konsertar og turmear seinare. Medlemane kjem frå kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Høyanger og Masfjorden.   

Stad: Nobel pub, Elvegata 22, Høyanger. 

Gratis adgang. arr: Tusenårstaden Gulatinget


Illustrasjonsfoto: gitar av Art Ascii (cc-by-nc-sa), keyboard av David Jones (cc-by), skarptromme av Mike Bryant (cc-by-sa) og bass av Biser Todorov (cc-by-sa).