Vikingdag på Gulatinget
Jul
1
12:00 PM12:00

Vikingdag på Gulatinget

Vikingdag på Gulatinget - Familiearrangement

Kl 12-17
Aktivitetar for barn og unge
Pil og boge kurs og konkurranse
Male korn på kvernstein og bake vikingbrød
Historieforteljing, trommer, song og eventyr for store og små
Vikingleikar
Marknad og salsboder

Kl 19 og ut over kvelden
Vikinggilde med kokegropmat for Frendar medlemmar (Vikinglag for Ytre Sogn og Sunnfjord) 
Alle kan bli medlem og delta! 
Bli ein viking du og!

Inngang: Barn kr 20. Vaksne kr 50. Familie kr 100.

View Event →
Nasjonalt Tingnettverk i Sarpsborg
Jan
11
to Jan 12

Nasjonalt Tingnettverk i Sarpsborg

Nasjonalt Tingnettverk

Sarpsborg 11.-12. januar 2017

Borgarsyssel museum

 

 

Program

 

 

Onsdag 11. januar – Dag 1

09:00     Velkomst
v/Vertskapet i Sarpsborg

09:15     Nasjonalt Tingstadnettverk
Bakgrunn, mål og felles utfordringar
Hallvard Oppedal, Gulatinget/ Gulen kommune, Ordfører

09:30     Borgarting – status
Trond Egil Svandal, Historiker/ Østfoldmuseene

10:30     Beinstrekk

10:45     Frostatinget – status
Torgunn Østbø, Frostatinget, Prosjektleder

11:45     Lunch

13:00     Gulatinget – status
Anne Hopland, Tusenårsstaden Gulatinget, Daglig leder

14:00     Beinstrekk

14:15     Eidsivating – status
Innleder blir kunngjort senere

15:15     Omvisning
Museet vise frem det nye formidlingsbygget «Olavs hall»

17:00     Pause

19:00     Middag                Sted blir kunngjort senere


Alle blir bedt om i statusinnlegget å gå innom følgende tema: 

·         Mål, resultat, utfordringer

·         Formidling

·         Reiseliv/verdiskaping

·         Selvvalgt tema

·         Framlegg til samarbeidsområder

 

Torsdag 12. januar – Dag 2

09:00     Faglig foredrag: Lagtinga & lovbøkene frå mellomalderen (innlagt pause)
-Kva har vi av rettshistoriske kjelder, og kva veit vi om organisering, lovtilfang - sammenfallande og fråvikande rettspraksis mellom de fire lagtinga i mellomalderen?
Jørn Øyrehagen Sunde, Professor rettshistorie, UiB

Foredraget er ope for publikum

11:00     Beinstrekk

11:15     Framlegg til samarbeidsområder

A.      Formidling av den norske demokratihistoria
- Innpass i skoleverket/historiebøkene (undervisningsdepartementet)
- Formidling på Stortinget
- Erfaringsoverføring og samarbeid

Kl 12      Lunch

13:00     Framlegg til samarbeidsområder forts.

B.  Lovene – retur fra Danmark
-Arbeidet fram mot Magnus lagabøtes Landslov 750 - års jubileum i 2024
-Retur av lovbøker fra Danmark

14:00   C.  Forskning, kunnskapsutvikling, og andre samarbeidsområder

14:00     Beinstrekk

15:15     D. Handlingsplan og neste samling

16:00     Avslutning

* Ber alle om å forberede forslag til samarbeidsområder/tema

Påmelding:
Epost:  Trond-Egil.Svandal@sarpsborg.com
Tlf        480 53 940

Samarbeidsparter:
Frostatinget ved Torgunn Østbø (Frosta kommune/Nord-Trøndelag Fylkeskommune)
Gulatinget v/Anne Hopland (Gulen kommune /Sogn og Fjordane fylkeskommune)
Borgarting v/Trond-Egil Svandal (Sarpsborg kommune)
Eidsivating v/ kunngjøres senere

View Event →
Solsnu 21. desember
Sep
21
to Dec 22

Solsnu 21. desember

Den 21. Desember Solsnu i Krossteigen - Eivindvik

Tradisjonen tru vert det markering av at sola snur på den kortaste og mørkaste dagen i året. Markeringa finn stad ved den angliske krossen i Krossteigen bak kommunehuset i Eivindvik. Det vert markering med allsong og kunstnarlege innslag. Vi kjem att her med tidspunkt. Alle er velkomne.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

Foto: Erlend Blaalid Oldeide

 

 

View Event →
Nasjonalt tingstadmøte
Aug
27
to Aug 28

Nasjonalt tingstadmøte

Dei fire historiske tingstadområda i Noreg samlast til møte i Gulen torsdag 27. august. Gulatinget, Frostatinget, Eidsivatinget og Borgartinget skal samarbeide tett i eit nytt tingstadnettverk.

Desse to dagane vert det foredrag, kulturopplevingar og ekskursjonar ope for alle. Meir informasjon om dette kjem på gulatinget.no. 

Tingstadane spelte ei viktig rolle for demokratiutvikling i den tidlege historia. Denne kulturarven har både nasjonal og internasjonal interesse fordi den norske tingtradisjonen viste seg å vere bærekraftig og samlande. 

View Event →
Festdag i Gulatingsparken
Jun
27
12:30 PM12:30

Festdag i Gulatingsparken

12.00: Eivindvik skulemusikkorps og Gulen brass band spelar ved innviing av Grindbygget

12.00: Ragnar Thorset, den verdskjende utforskaren og eventyraren, kjem til Flolid og syner fram båten sin før han skal ro til Shetland. Det er 35 år siden han gjorde dette for fyrste gong.

12.30: Verdspremiere på musikkverket Århundreropet av Einar Steen Nøkleberg.

13.00: Gulatinget år 950 - eit teatertablå. Med Julia Bache-Wiig, Ingrid Haveland,
Bjarte Undertun, Jan Ove Einebærholm og Einar Thune

Musikalske overraskingar: Jeg elsker deg (sangtranskipsjon av Grieg) Bach. Preludium i C dur for cello

View Event →
Gulatingsseminaret 2014
Oct
3
to Oct 4

Gulatingsseminaret 2014

Gulatingsseminaret 2014 vert arrangert fredag 3. og laurdag 4. oktober. På programmet finn vi blant anna Professor Jørn Øyrehagen Sunde, professor emeritus Knut Helle, fyrsteamanuensis Frode Iversen, Brian Smith frå Lerwick og professor emerita Else Munda, samt musikalske og kunstnariske innslag.

View Event →
Konsert med Hordaland ungdomsbrassband
Sep
27
6:00 PM18:00

Konsert med Hordaland ungdomsbrassband

Hordaland Ungdomsbrassband held konsert i Gulen kyrkje i Eivindvik laurdag kl 18.00. Etter konserten vert det seremoni ved den angliske krossen i Krossteigen og opning av Henrik Wergelands tavle for menneskerettar. 

Hordaland Ungdomsbrassband består av over 40 musikarar frå fleire av landets framste korps. Arrangementet er gratis. 

Arrangør: Tusenårsstaden Gulatinget, Gulen kommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune.

View Event →
Gudsteneste på Gulatinget
Jun
29
10:00 AM10:00

Gudsteneste på Gulatinget

Gulen sokn inviterer til festgudsteneste 29. juni!

Gudstenesta vil markere avslutninga på Sogn og Fjordane, Gulatinget og Gulen kommune si markering av grunnlovsjubileet 28. juni, og er planlagt som ei utegudsteneste på i tusenårsparken på Flolid. Biskop i Bjørgvin, Halvor Nordhaug, deltek, saman med lokale musikkrefter.

View Event →
Grunnlovsjubileet 1814-2014 - Folkefest på Gulatinget
Jun
28
10:00 AM10:00

Grunnlovsjubileet 1814-2014 - Folkefest på Gulatinget

Sogn og Fjordane fylkeskommune si hovudmarkering av Grunnlovsjubileet 1814-2014 er lagt til Tusenårsstaden Gulatinget i Eivindvik. Markeringa er eit samarbeid med Gulen kommune og er ein del av det offisielle nasjonale Grunnlovsjubileet. Vi legg opp til ein stor folkefest for heile familien med flotte artistar og aktivitetar for alle. 

View Event →
Olemic Thommessen til Gulatinget
Jun
28
8:30 AM08:30

Olemic Thommessen til Gulatinget

Sogn og Fjordane fylkeskommune si hovudmarkering av Grunnlovsjubileet 1814-2014 er lagt til Tusenårsstaden Gulatinget i Eivindvik 28. juni. Stortingspresident Olemic Thommessen deltek på markeringa. 

Målet med arrangementet er å løfta fram tusenårsstaden i ein nasjonal samanheng og visa dei lange linene i utviklinga av folkestyretradisjonen i Noreg. 

Markeringa er ein del av det offisielle nasjonale Grunnlovsjubileet, og er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Gulen kommune, Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, KS og Den norske kyrkja.

View Event →
M/S Nybakk og "Thing Trail 2014"
Jun
5
to Jun 28

M/S Nybakk og "Thing Trail 2014"

Prosjektet "Thing Trail 2014" går ut på å vitja historiske tingstadar i vesterled som ledd i den norske grunnlovsfeiringa. M/S Nybakk seglar i denne samanheng som offisielt sendebod for Tusenårsstaden Gulatinget. Toktet i 2014 blir gjennomført i tidsrommet 6-28 juni. 

View Event →
Henrik Wergeland-konsert
May
10
3:00 PM15:00

Henrik Wergeland-konsert

Henrik Wergeland (1808-1845) har ein stor plass ved feiringa av Grunnlovsjubileet i heile Noreg og reknast som ein av dei største og viktigaste nordmenn som har levd. Slekta til Wergeland kjem opphaveleg frå Verkland noko som vi er stolte av. Laurdag 10. mai vert det konsert og markering med talar og gratis forfriskningar ved Wergeland si ættetavle på Verkland. Ordføraren kjem. Kjem du?   

Stad: Wergeland si ættetavle på Verkland 
Aktørar: Brekke Mannskor, Brekke Skulemusikk og elevar frå Brekke skule. 

Arr: Tusenårsstaden Gulatinget og Gulen kommune
Illustrasjon: Henrik Wergeland 1842 av O. F. Knudsen. Kjelde: WIkimedia Commons/Riksarkivet.

 

View Event →
Konsert med Ting-orkesteret
Apr
27
4:00 PM16:00

Konsert med Ting-orkesteret

Få med deg dei unge talenta i Ting-orkesteret på Nobel pub i Høyanger søndag kveld. Konserten er i regi av Tusenårsstaden Gulatinget og er gratis og open for alle.

Ting-orkesteret består av 8-10 talentfulle musikarar frå HAFS-regionen i alderen 12-17 år. Det er Tusenårsstaden Gulatinget som har starta prosjektet, og orkesteret er eit tilbod for ungdom som driv med musikk og tekstskriving på høgt nivå.

Ting-orkesteret vil medverke på det store Grunnlovsjubileet i Gulatingsparken 28.juni i år. Det er og planar om spanande konsertar og turmear seinare. Medlemane kjem frå kommunane Askvoll, Fjaler, Gulen, Høyanger og Masfjorden.   

Stad: Nobel pub, Elvegata 22, Høyanger. 

Gratis adgang. arr: Tusenårstaden Gulatinget


Illustrasjonsfoto: gitar av Art Ascii (cc-by-nc-sa), keyboard av David Jones (cc-by), skarptromme av Mike Bryant (cc-by-sa) og bass av Biser Todorov (cc-by-sa).

View Event →
Dokumentasjons- og skrivekurs
Apr
1
to May 30

Dokumentasjons- og skrivekurs

Tusenårsstaden Gulatinget inviterer alle som vil skriva ein tekst, kort eller lang, om nokre av våre grunnverdiar: Demokrati, folkestyre, menneskerettar og vokster for framtida. Det er mange som har tankar om dette, og alle innsendte tekstar vert vurderte og mange av dei vert publiserte via våre kanalar og nettsider, m.m. 

Alle som deltek skriv om noko dei har opplevd eller meiner er viktig: Små forteljingar, lyrikk, novellar, romanar og autentiske historiar, m.m. Tekstane skal publiserast på nett og i papirform i avis, blader og magasin i samband med Gulatingsmarkeringane og Grunnlovsjubileet. 

View Event →